Per Spelmann

Per spelmann han hadde ei einaste ku.

Han bytte bort kua, fekk fela igjen.

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Per spelmann han spela og fela ho lét,

gutane dansa og jentene gret.

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vert gammal som stein under bru,

aldri eg byter bort fela for ku.

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vert gammal som mose tre

aldri eg byter bort fela for fé.

Du gamle gode fiolin,

du fiolin, du fela mi!

Og om eg vert gammal

som skorpe graut

aldri eg byter bort fela for naut

Du gamle gode fiolin,

du fiolin, du fela mi!